Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Administrativ organisering

Printer-ikon  Utskriftsvennlig versjon

Administrasjonen i Bjerkreim kommune vert leia av kommunedirektøren (kommunestyret endra tittelen frå rådmann til kommunedirektør 17.03.2022).
Kommunalavdelingane er avdeling for levekår, avdeling for oppvekst og kultur, og avdeling for landbruk, miljø og teknikk (LMT).
Kommunedirektøren sin stab er delt i to; Organisasjon og Økonomi.
Organisasjon består av følgjande tre avdelingar; Kommunikasjon og dokumentasjon, digitalisering/IT og HR og organisasjon.
Økonomi består av økonomisjef og kommunekasse, og skal utvidast med ein ny stilling i 2022.
I leiargruppa sit kommunedirektør, stabssjef økonomi, stabssjef organisasjon, kommunalsjef levekår, kommunalsjef oppvekst og kultur, og kommunalsjef LMT.
Kommunen si ytre verksemd ligg i all hovudsak under avdeling for levekår og avdeling for oppvekst og kultur, i tillegg til vedlikehaldsgruppa under LMT.