Åmli kommune har sentralisert postmottak. Inngåande post blir levert kvar dag til arkivtenesta i Informasjonssenteret. Her opnast og kommunens epost til post@amli.kommune.no. Arkivtenesta opnar post for dei fleste einingane, føretek arkivavgrensing, registrerer arkivverdig post i sak-/arkivsystemet (ePhorte) og fordeler til saksbeahandlar i ePhorte. Inngåande papirdokument blir lagra i låst skap i ein periode (minimum ein månad) før det blir makkulert.
Post til kommunens fagsystem kjem delvis til sentralt postmottak, men i hovudsak direkte til rett eining, for registrering og arkivering. Det som kjem til sentralt postmottak blir lagt i hylle til rett eining. Eining for Helse- og velferd og Eining for Habilitering og ressurs registrerar eigen post inn i sine respektive fagsystem. Personleg adressert post leverast til rette vedkomande. Dersom det skulle vise seg å vere firmapost må saksbehandlar straks levere brevet tilbake til vanleg postrutine. Vedkomande kan gi arkivtenesta fullmakt til å opne sin post. Dette gjerast i så fall skriftleg. Arkivverdig post som ikkje fyrst har kome til Informasjonssenteret/arkivtenesta, skal straks leverast frå mottakar til arkivtenesta for registrering og journalføring.
Alle saksbehandlarar eksporterer inngåande epost som kjem til sin Outlook til ePhorte sjølv. Arkivtensta kvalitetssikrar ved journalføring og ved dagleg kontroll av postlista. Kommunen oppmodar likevel innbyggjarar og samarbeidpartar å sende post direkte til postmottak, enten på epost eller ved bruk av Digital Forsendelse. |