Kvam herad har fullpublisering av dokument på postlista på kommunen si heimeside Kvam herad (www.kvam.no) Dokument som er unntatt offentlegheit viser til gjeldande paragraf i offentleglova. På postlista kan ein søkja på inngåande og utgåande dokument, avsendar og mottakar, dokumenttittel, saker og vedtak. Alle offentlege og journalførte dokument vil vise i den offentlege journalen, dvs. dokument som har fått status J og F. Dette gjeld I, U, N og S dokument. Overføring av offentleg journal vert køyrd normalt kvar kvardag. Journalen vert publisert ca. kl. 1200 to virkedagar etter journalføring. Dokument i desse kategoriane vert ikkje publisert:
- Dokument med skjermingskode UO (ikkje offentleg)
- Dokument med skjermingskode IP (ikkje publisert på offentleg postliste)
- Barnehagemapper
- Elevmapper
- Personalmapper
- Interne dokument merka som X-notat
Dette blir gjort ved å køyre Drum:
- Eige ikon på startsida - Logg inn med passord
- Trykk på "Kjør Drum - Generer rapport"
- Når den er ferdig, etter ca 10 min kontrollerer du rapporten
- Trykk på "Se rapport"
- Sjekk antall dokument med feil - Er det feil her, søk opp dette i websak og sjå kva som er feil og rett opp i dette
- Gå vidare til "Vis differanse" - Her ser du over om overskriftene er greie - meiningsberande og ikkje avslørande om det er noko som er unnateke offentlegheita
- Om det er alvorlige feil må Drum køyrast på nytt
- Kryss ned rapporten og trykk på "Oppdater Innsyn" - Dette tar ca 10 min
Avgrensingar:
- Sletta arkivsaker frå arkivdel gbnr og plan der det er meir enn 90 dagar sidan sluttdato.
- Fjerna journalpostar der det er meir enn 180 arbeidsdagar sidan journaldato med type I,U,N i arkivdel gbnr og plan.
- Fjerna alle journalpostar med journalposttype X.
- Fjerna journalposter der journalpoststatus ikkje har ein av verdiane F og J.
- Fjerna journalpostar der journalpoststatus ikkje er J og samtidig journalposttype er ein av verdiane I, U og N.
- Fjerna journalpostar der det er mindre enn 3 arbeidsdagar sidan journaldato og samtidig journalposttype er av følgjande verdiar: I, U og N.
|