Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Søknadar frå Innovasjon Norge

Printer-ikon  Utskriftsvennlig versjon

Dette er ei nettsida som vert nytta til å lesa/skrive ut søknadar til Innovasjon Norge innan landbruk. Legga inn uttale frå kommunen/Felles Landbrukskontor ÅLA og senda til Innovasjon Norge. (Eventuelt senda søknad attende til søkjar viss manglar ved søknaden.)

Opprett ei sak i ACOS pr. søknad, arkivdel LAN - landbruksarkivet med GBNR som primærkode. Viktig at e-post med link til søknad vert registrert i Acos.

Alle dokument u.off pga ”bedriftshemmelegheiter”. 

Kommunen får veta om nye saker via e-post frå noreply@innovasjonnorge.no med melding om «søknad mottatt – namn søknad», med link til søknaden og eit referansenummer.

Denne e-posten skal registrerast som fyrste dokumentet i saka. Alle andre e-postar som kjem skal og registererast i same sak i Acos for å ha kontroll med saksgangen. 

Det er viktig at ein går inn å skriv ut søknaden med alle vedlegg og registrer i Acos før kommunen legg inn uttale til søknaden. Kommunen får berre tak i sjølve søknaden utan vedlegg etter at kommunen har lagt inn uttale. 

Finn kommunen si sida på nettsida til Innovasjon Norge https://soknad.innovasjonnorge.no/soknad/esoknad.nsf/kommList.xsp?openxpage&login

Kommuen kan legga inn fleire/nye vedlegg til søknaden når legg inn uttale frå kommunen. Det er viktig at vedlegg som vert levert i etterkant vert registret i Acos òg. 

Det er viktig at kommunen sjekkar at søknaden har med all relevant informasjon og dokumentasjon før sender søknaden vidare til Innovasjon Norge med ein uttale til søknaden. 

Uttale frå Felles Landbrukskontor ÅLA;

  • Lag til eit x-notat Acos og kopier inn på IN-sida

Utbetalingsanmodningar skal registrerast i Acos før original vert levert til sakshandsamar for signatur.
Signert utbetalingsanmodning skal registrerast i Acos som utgåande dokument til Innovasjon Norge før vert sendt i posten. (Innovasjon Norge, Askedalen 2, 6868 Leikanger).

Søknad om tilskot til frukthage eller moreller må målast opp av kommunen før sluttutbetaling.
Det kan delutbetalast inntil 90 % av tilskotet før det er ferdig. % avhengig av kor mykje av totalkostnaden som kan dokumenterast. 

Før kommunen sender utbetalingsanmodning om sluttutbetaling vidare til Innovasjon Norge må sakshandamar sjekka at alle relevante dokument ligg føre for vidaresending.

Døme på relevante dokument;

  • Sluttrekneskap underskrive av rekneskapsførar/søkjar
  • Timeliste/oversikt eige arbeid
  • Sluttrapport
  • Ferdigattest (avhengig av type sak)
  • Lånetilsagn (ved rentestøtte)

 

Alle dokument i saka vert skrive ut og lagt i gardsarkivet hjå Felles Landbrukskontor ÅLA på gbnr. 

For informasjon om dei ulike tilskotsordningane sjå heimesida til Innovasjon Norge www.innovasjonnorge.no.
Dei har òg utarbeida diverse sjekklister og andre retningsliner til bruk under rettleiing og handsaming av søknadar.