Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Arkivplan for Sula kommune 2015

Sula nytt

Sula kommune

                                                                                          

 Arkivplan for Sula kommune        

Arkivplanen er under arbeid. Alt innhald er ikkje endeleg utforma.

Denne arkivplanen skal til ei kvar tid vere retningsgjevande for korleis all dokumentasjon som kommunen treng i sine daglege gjeremål eller har plikt til å oppbevare for ettertida skal registrerast, oppbevarast og nyttast. Den skal vise kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Det er eit krav i forskriftene til arkivlova at kommunane skal ha ein slik plan (forskr. § 2-2). For at planen til ein kvar tid skal vere aktuell, må den jamnleg oppdaterast og ajourførast. Dette skal skje minst ein gong i året. Dei arkivplanane som er gått ut av bruk skal arkiverast.

Arkivansvar:

- I kommunen er det administrasjonssjefen (rådmannen) som har det overordna arkivansvaret (jfr. Arkivforskrifta §1-1).

- Arkivleiar har det daglege ansvaret for arkivtenesta og utarbeidar verksemsdplan. Godkjend verksemdsplan skal vere med i kommunen sin årsplan.