Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene. Arkivplanen skal sikra at Skodje kommune ivaretek arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6: "Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid." Føremål for arkivplan i Skodje kommune: Denne arkivplanenen skal til ei kvar tid vere retningsgjevande for korleis all dokumentasjon som kommunen treng i sine daglege gjeremål eller har plikt til å oppbevare for ettertida skal registrerast, oppbevarast og nyttast. Den skal vise kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Det er eit krav i forskriftene til arkivlova at kommunane skal ha ein slik plan (§ 2-2). For at planen til ei kvar tid skal vere aktuell, må den jamnleg oppdaterast og ajourførast. Dette skal skje minst ein gong i året. Dei arkivplanane som er gått ut av bruk skal arkiverast. Arkivleiar har det daglege ansvaret for arkivtenesta og utarbeider verksemdplan. Godkjend verksemdplan skal vere med i kommunen sin årsplan. I kommunen er det administrasjonssjefen (rådmannen) som har det overordna arkivansvaret (jfr. arkivforskrifta § 1-1). Som administrasjonssjef i Skodje kommune oppfordrar eg alle medarbeidarar om å sette seg godt inn i, og følge retningslinjene i arkivplanen.
Skodje kommune oktober 2014
Bente Glomset Vikhagenrådmann |