- Skodje kommune har sentralt postmottak. Denne oppgåva er organisatorisk plassert under Stab/støtte.
Postmottak registrerer, fordeler og journalfører inngåande e-post, og skannar, registrerer, fordeler og journalfører post som vert levert til rådhuset. Posten vert levert til rådhuset ein gong for dag, sjå eiga lokal rutinebeskriving for arkiv.
Den sentrale post/arkivtenesta nyttar Acos Websak.
- Storfjorden barnevern sitt arkiv er fullelektronisk og nyttar Visma Familia som fagsystem, og Visma VSA som arkivsystem. Det gamle papirmateriellet vert oppbevart i arkivlokalet i kjellaren på rådhuset.
- Helse- og omsorgseininga sitt arkiv skal verte fullelektronisk i løpet av desember 2015. Eininga har skanna inn i fagsystemet sitt Visma Profil ei tid, men skal no ta i bruk Visma VSA arkivsystem i likheit med Storfjorden barnevern. Papirmateriell som er i bruk vert oppbevart hjå einingane sjølve, eldre og avslutta vert oppbevart i arkivlokalet i kjellaren på rådhuset.
- Teknisk avdeling skannar alt inn i Acos websak, men dei har valt å ha papirmappene i byggesak, delingsak, reguleringssak og kommunale bustadar vidare ei tid i tillegg. Desse mappene er oppbevart i eigne skap på rådhuset.
Rådmannen sitt ansvar:
Det overordna ansvar for arkiva til ein kommune ligg hos administrasjonssjefen. Det vil for Skodje kommune vere rådmannen jfr. kommunelova § 23.
Dei øverste politiske organ sitt ansvar:
Dei øverste politiske organ, kommunestyre/formannskap har styringsansvar med følgjande mynde til å fastsetje økonomiske og praktiske rammer for arkivarbeidet.
Laster...