Bruk og oppdatering av arkivplanen
Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsreiskap av alle tilsette i Ullensvang herad. Målet er at alle som handterar dokument som vert til som ledd i den verksemda heradet driv, skal kunna finne informasjon om kva retningsliner som må fylgjast, og kva løysingar heradet har på arkivområdet.
Arkivplan vert oppdatert jamleg. Det vil verta sendt ut melding til einingsleiarane etter at ein revisjon/korrigering er utført. Einingsleiarane er sjølve ansvarlege for at informasjonen vert formidla vidare til sine underordna.
Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjon som er i arkivplanen. Om registrerte opplysningar ikkje er korrekte eller endringar er gjort, skal arkivleiar kontaktast.
Heradet sin arkivleiar vil ha det daglege ansvar for å følgje opp arkivplanen i høve alle einingane i heradet.
Laster...